Brokke

Norsk English Deutsch
You are here:

Main page / Siste nytt på forsiden / Arkiv / Referat fra informasjonsmøte med grunneiere og hytteeiere

Referat fra informasjonsmøte med grunneiere og hytteeiere

Palmefredag inviterte Valle Kommune til informasjonsmøte med grunneiere og hytteeiere i Brokkeområdet. Referat følger under.

Totalt møtte det 60 personar for å høyre om kva som skjer i Brokkeområdet for tida.

Rådmann Arne Tronsen ynskte møtelyden velkommen og informerte om tema for møtet og om kva som ville bli orientert om.

Etter dette fikk leiar for utviklingsavdelinga Stian Rugtvedt ordet og orienterte om aktuelle planar i området.

Reguleringsplan for Kvisle er vedtatt i kommunestyret, men det ligg føre klage på vedtaket. Klagehandsaminga pågår nå. Planen som er svært omfattande, omhandlar i tillegg til fritidsbustadar, nedfartar for alpinanlegget, veg og parkering til toppen av Kvisle og ikkje minst utvikling av sentrumsområdet.

På Myklevatn er det under regulering planar for godt og vel 50 nye hytter. Planen er ikkje slutthandsama i kommunen.

Det pågår også reguleringsplanarbeid i Vardefjell som vil omhandle om lag 230-250 hytter i tillegg til eit stort antal leilegheitar.

Det er vidare tilsett prosjektleiar til kommunedelplanen for området. Det er difor ikkje langt fram før denne prosessen kan ta til.

Utbyggingsavtalar

Valle kommune har vedteke å nytte utbyggingsavtalar i samband med arealplanar for fritidsbustadar. Rådgjevar Torgeir Haugaa orienterte om kva tiltak som er tenkt finansiert gjennom slike avtalar i Brokkeområdet.

Auka trafikk som følgje av fleire fritidsbustadar har ført til at Statens vegvesen krev at fv.337 må utvidast. Valle kommune har som mål å utvide vegen med 2 meter til 6,5 meters breidde til Jarnsverk. Kostnaden vert på om lag 40 millionar. Ein ser difor for seg ei trinnvis utviding finasiert med bidrag frå kvar nye fritidsbustad. Første byggesteg vert frå Holtesvingen og til neste avkøysle til Brokke. Denne vert realisert når 230 nye tomter eller leilegheitar er selde.

Veg og bru over til Kvisle er viktig for vidareutvikling av skianlegg og for å realisere nye område i Kvisleplanen for fritidsbustader. Kommunestyret i Valle vil vurdere å forskottere inntil 7. mill. til dette. Beløpet vert å betale tilbake av utbygjarar gjennom utbyggingsavtalar.

Tilsvarande ser ein det som viktig å vidareutvikle løypenetet både sommer og vinter. Det er difor lagt inn bidrag til dette i avtalane. Dei 3 første avtalane er nå lagt ut til offentleg ettersyn og kan sjåast på Valle kommune sine heimesidar.

Rådmann Arne Tronsen orienterte om pågåande arbeid med å organisere, finansiere og kvalitetssikre løypekøyringa. Dei ulike brukarane vil komme saman ei tid etter påske for å drøfte eit utkast som er under arbeid. Prinsippet er å få spesifisert ein standard som klargjer kva brukarane kan forvente og prissette dette. Eventuelle behov utover standard må i så fall betalast for. Ein ser føre seg at løypekøyringa vert utført etter ein bestillar – utførar modell.

Styreleiar i brokke skianlegg AS Steinar Kyrvestad orienterte om prosessen bak reguleringsplanen for Kvisle. Ein viktig årsak til at eit kommunalt eigd aksjeselskap tok initiativ i saka, var for å sikre areal for framtidig utvikling av alpinformålet samt å vere med å bestemme sentrumsområdet. Alpinformål har fått forkjørsretten.

Brokke skianlegg AS er 100% eigd av Valle kommune. Driftsselskapet Brokke Alpinanlegg er eigd med 55% av Brokke eigedom, Kvisle eigedom med 44% og Valle kommune med 1%.

Investeringsplanen frametter er utviding av varmestoge, verkstadbygg og vedlikehald bakkar. Totalt kr.4.8 mill. i 2008. Finansieringa frametter gjennom hyttebygging. Utviklinga skjer i tråd med vedteken strategiplan for selskapet.

Jan Wojtaszek som er dagleg leiar i Brokke alpinanlegg kunne fortelle om tidleg oppstart omlag midten av november. God omsetning – i januar og februar opp 50% frå førre år. Kvaliteten på bakkane har vore god og mangfaldet bra. Mykje kunstsnø og gode forhold.

Løypekøyringa har vore vanskeleg grunna ver og tempratur, samt ulike problem med maskina.

Løypekøyrarane har gjort ein god jobb forholda tatt i betraktning.

Nye tiltak utover det som tidlegare er nemnt er Bru til Kvisle samt vidareutvikling av bakkane. Ein eventuell stolheis ligg lenger fram i tid grunna svært høge investeringskostnadar.

Brokke eigedom As ved dagleg leiar Bjørgulv T. Berg kunne fortelle om pågåande reguleringsplanarbeid for Vardefjell. I Sitåsan er det framleis 40 ledige tomter. På Jarnsverk er det 30 nye garasjar under planlegging.

Brokke eigedom har tatt ein stor del av kostnaden med løypekøyring i vinter. Kostnaden ligg på om lag kr.1000.- pr. time slik at det totalt vert store beløp.

Brokke eigedom AS er i samtalar med eksterne samarbeidspartar som kan komme inn med nye krefter i utviklingsarbeidet for Brokkeområdet.

Etter dette vart det spørsmål frå salen knytt til dei ulike innlegga.

Tilsvarande møte vert arrangert seinhausten 2008.

For mer informasjon fra Valle Kommune, se www.valle.kommune.no.

Tjenester & Snarveier

Design og utvikling av Netmaking | Powered by eZ Publish